For et par uker siden hadde jeg et ærend i Odda, og jeg tenkte jeg kunne kombinere det med en liten mini fjelltur. Jeg hadde fått tips om at Lilletopp i Odda var en kort tur, med flott utsikt, så jeg og 2 kompiser bestemte oss for å teste den ut.
En kan parkere med Tyssedals idrettshall, men vi kjørte litt lenger opp, og der var det 2-3 parkeringsplasser for biler, der stien startet. (tipper det blir veldig fullt når trolltunga sesongen starter). Turen opp var litt småbratt, men godt merket. Vi brukte ca 20 min opp til de gamle kraftbygningene. Vi hadde fått et tips om at det var verdt og gå opp en bratt trapp for å komme opp på bergene bak. Tipset om å gå opp på bergene bak lønte seg, det var en utrolig flott utsikt for en så kort tur. Jeg legger med litt bilder under så dere selv kan se.
15 mars leverte jeg inn bilder til NM i foto vår runden, det er alltid en runde på våren og en på høsten. En må være medlem av en fotoklubb eller være direkte medlem av Norsk Selskap For Fotografi(NSFF) for å delta. En kan levere i klassene fargepapir, monokrom papir, natur og kreativ, og kolleksjon. En kan totalt levere 12 bilder. I år leverte jeg 1 i monokrom papir, 3 i kreativ, 1 kolleksjon og 3 i fargedigital, 1 i natur og 2 i sort hvitt digital.
Juryen er ulik fra hvert år som går, i år var det Finsk jury på alle bildene. Nå har resultatet kommet, det gikk mye bedre en forventet. Av 12 bilder levert fikk jeg noe på 10 av bildene.
Det ble en bronse medalje i kreativ, og 10 antatte fordelt på de ulike klassene. Jeg har bare en gang fått et bedre resultat, så må si meg veldig fornøyd med dette. Det var flere i Kvinnherad Fotoklubb som fikk hederlige omtaler og antatte så gratulerer til de også!
Til slutt vil jeg takke alle som sporty har stilt opp på de ulike bildene uten dere hadde det aldri blitt noen bilder!
No var me nettopp ferdig med fjellturen rundt Drei Zinnen som eg skreiv om i sist innlegg. Dagen var enda ung og me hadde eit par fjellpass me ville køyre gjennom, og ein kabel bane og teste, før me skulle ende opp på eit slott me skulle overnatte på.
Vi starta med og kjøre ned mot Cortina, der tok me av og kjørte litt av fjellpasset Falzarego. Me kjørte passet for me hadde fått tips av ein Italiener, at det var ein kabel bane ein kunne ta for å få flott utsikt. Bilturen opp tok oss igjen gjennom flott landskap med mektige fjell. Når me kom til parkerings plassen til banen og søskenbarnet mitt såg banen, fekk eg beskjed om at den blei han ikkje med opp i. Det skal seiast at den gjekk ganske bratt oppover, og på slutten nesten litt loddrett før den stoppa på toppen.
Sidan eg hadde lyst å sjå utsikten kjøpte eg meg billett og tok turen opp. Sidan Ole venta nede måtte eg rekke banen ned igjen som gjekk 15 – 20 min etter eg kom opp. På toppen var ein på 2762 moh, og det låg ei hytte/cafe der. Det var og nokre tunellar som var brukt under 1 verdskrig ein kunne sjå på, men det hadde eg ikkje tid til. Eg tok ein liten tur bortover ein sti og såg meg litt om, det var flott utsikt, men ikkje noko spes fotolys, men eg tok litt bilder for å ha dokumentert utsikten og turen. Til slutt begynte tida og gå frå meg og eg småsprang for å rekka banen ned igjen.
Vel nede i bilen igjen skulle vi køyre ørlite tilbake mot Cortina før vi skulle teste neste fjellpass, som var på veg mot slotte vi skulle bu på. Dette passet sitt namn var Giau Pass, topp punktet på vegen her låg på 2236 moh. Me hadde ein ørliten stopp på toppen, så eg igjen fekk ta nokre fotodokumentasjons bilder. Eg ser i ettertid at eg burde gått lenger bak i staden for opp mot eit fjell som låg der, men det var uansett eit flott pass og ha køyrt. Frå ein fotograf sitt synspunkt trur eg plassen kunne vert magisk i rett lys.
No nærma me oss slotte og me hadde bare eit pass igjen og køyre. Det siste passet heite San Bodlo Pass, og det var einvegskøyrt regulert med lys for det er så smalt. Det bestod av 5 tunellar. Me hadde heile tida bilar bak oss så det var ikkje så lett å stoppe for å ta bilder undervegs. Eg filma med mobilen når me kjørte gjennom, så legger filmen under her. Etter passet var det bare eit par km igjen til Slotte vi skulle bu på for natta.
Etter eg hadde tatt soloppgang ved Lago Di Braies var det på tide med frukost, Ole (søskenbarnet mitt) hadde og stått opp då. Me var ganske tidlig ute denne dagen for me hadde planlagt og gå ein kjent tur i Dolomittene. Dette var ein rundtur rundt tre toppar kalla Drei Zinnen eller Tre Cime di Lavaredo. (Alt har Tyske og Italienske namn). For vi skulle sleppe å ta ein shuttle bus, var det lurt å starte tidlig, sidan dei bare slapp x antall bilar opp til ein stor parkeringsplass. Det skulle ikkje være noko problem så lenge ein var tidlig ute, men me tenkte jo før jo betre. Etter frukost kjørte vi i 40 min til vi kom til Misurina, ein liten landsby som ligg ved eit flott vatn, der tok vi av og kjørte opp til ein bom stasjon ein måtte gjennom for å få parkere på toppen. Eg trur det kosta 30euro, men huskar ikkje heilt, etter bomstasjoen gjekk det på opp til ein veldig stor parkeringsplass med ei hytte kalla Rifugio Auronzo. Det var ein god del bilar og bussar når me kom opp, men det var forsatt god plass til oss. Rifugio Auronzo som var start punkte låg på nett under 2300 høgde meter. Me var litt spent på om ein kom til å merke høgden på kondisjonen eller formen, sidan høgaste punkte på turen var rundt 2451 moh.
Turen starta ganske så flatt på fine breie grusstiar, det var ganske majestetisk sjølv for ein Nordmann og sjå fjella rundt, og dei tre toppane me skulle gå rundt. Det var ein del turistar som oss på stien, men me følte ikkje at me gjekk i kø. Etter ca 30 min kom me til den første hytta, her kunne ein kjøpa seg drikke og mat trur eg. Etter ca 1 time og 30 min var vi med den største hytta, der ein igjen kunne kjøpa seg mat. Eg hadde lyst å utforska litt meir, så me gjekk 20 min ein vei lenger bakover utanom den vanlige ruta for å sjå litt meir på utsikten bak hytta. Så blei det sjølvsagt rundt 20 min tilbake til hytta og hovedstien igjen. Med den store hytta kjøpte me oss verdens dyraste cola og sjokoladekake, men den smakte godt.
Etter matpausen forsette vi på rundturen, no skulle vi gå litt ned i ein del der det var litt kyr som beita, før det gjekk litt opp igjen til vi til slutt kom til ei ny hytte. Her stoppa vi ikkje, men forsette bare videre tilbake mot bilen.
Eg huskar me spøkte med at det måtte være ein topp trent alpemann som hadde satt opp skilta på kor lang tid det tok mellom hyttene. Grunnen til dette var at når ein såg på tidene og følte ein gjekk i eit greitt tempo stemte tidene ganske bra. Det var ikkje slik som her i Norge at det står det feks tar 4 timar tur retur, men ein klarer det kanskje på 3 .Det som og enkelte stader var veldig greitt var at det var parallelle stiar som førte til same hytter, bare at dei låg på litt ulike høgder i terrenget. Me var ganske heldige med været og, ingen regn og heilt grei temperatur, og litt skyer. Det var ein tur som var verdt å gå sjølv for Nordmenn som er vant med flotte fjell. Me merka ikkje noko spesielt til at me gjekk på over 2000 moh. Heile turen med avstikkar bak hytta og med pausane tok oss 4 timar og 15 min.
Eg hadde me det vesle Fujifilm kamera mitt, og tok litt bilder på vegen, det var ikkje noko veldig fotolys, så dette er meir turdokumentasjons bilder:
Eg starta dagen grytidlig, mens Ole framleis sov. Sidan me budde på eit hotell rett ved kanten av Lago Di Braies ville eg få med meg soloppgangen. Eg stod opp å gjekk ut ei stund før sjølve soloppgangen, når eg starta var det omtrent bare meg og ein person til som var stått opp. Etter kvart som tida gjekk meir og meir mot oppgang blei det fleire og fleire folk, men aldri så mykje at det blei mange. I starten var det ørlite tåke og skyer, etter kvart kom det og ein del vind, som eg ikkje likte då det blei krusningar på vatnet. Etter kvart roa vinden seg ned så vatnet blei klart så ein fekk litt meir speil bilde. Dessverre blei det ikkje noko veldige fargar på soloppgangen, men det var no fint der uansett. På slutten kom og nokre backpackere eg blei kjent med på kvelden før. Ho eine skulle ha seg eit bad så eg fekk lov å ta eit par bilder når ho stod med ryggen til. Til slutt blei sola så sterk at det hadde ikkje noko for seg å ta fleire bilder, så eg gjekk tilbake til hotellet, for frukost. Denne dagen skulle meg og Ole kjøre vidare rett etter frukost, for å gå ein fjelltur.
Meir om det kjem i Italia ferie del 7 innlegget.
Me starta dagen med frukost på hotellet i byen Riva del garda. Riva del garda er den nordligaste byen ved gardasjøen. Etter frukosten hadde me oss ein vandre tur i byen og såg oss litt rundt, me var litt turistar og gjekk opp i eit tårn med utsikt over byen. Etter me hadde traska rundt i byen avslutta me med ein pizza og litt is.
Denne dagen skulle me ikkje kjøre så langt så dagen før. Vi skulle kjøre ca 200 km og 2,5 time ca. På vegen oppover såg me at det bare blei ca ein time avstikkar og kjøre innom den flotte dalen Val Di funes. Her stoppa vi først med ein flott postkort utsikt, og tok litt bilder av ei kyrkje med ein majestetisk fjellvegg bak. I same dalen er ei anna kjent kyrkje, som eg ikkje var heilt sikker på kor låg, så me brukte litt tid på å finne den. Den var litt verre å ta bilder av, då bakken var dekka av strømgjære så ingen skulle øydellege avlingane til bøndene. Konklusjonen med denne kyrkja var at den blei mykje finare på avstand en tett på. Dessverre var ikkje fotolyset det nydelegaste, men sidan vi skulle videre mot Lago Di Braies tok eg det eg fekk.
I 5 – 6 tida kom vi fram til Lago Di Braies, dette er ein veldig kjent innsjø i Dolomittene som har fleire tusen turistar innom kvar dag. Her låg det eit hotell me hadde booka oss innpå heilt ved vankaten. Etter vi hadde sjekka inn tok vi oss ein liten tur ut og såg, sidan vi var der på ettermiddagen hadde det minka betraktelig med turistar. Eg skjønnar godt korfor så mange besøker innsjøen, den var veldig flott, med fjell rundt, og ein tursti rundt heile vatnet. No var tida komme for buffee middags som var med i prisen på overnattinga, eg rakk akkuratt å sluka den før eg gjekk ut for å forsøke og ta bilder av solnedgangen. Eg hadde forventa at eg måtte stå i kø med minst 50 andre fotografar, men der tok eg feil. Me var kanskje 7 -10 stk som satt i skråninga over båthuset. Det var litt folk som kom og gjekk forbi, men mykje mindre en eg hadde forventa. Himmelen blei aldri heilt magisk, men eg er glad me stoppa ei natt her så eg fekk sett plassen. I løpet av kvelden når me tok bilder blei det naturlig at me som satt i same skråninga satt og preika og venta på lyset, så det blei ein sosial og kjekk kveld. Denne plassen egnar seg og for melkeveifoto, men dessverre kom skyene sigande inn.
Her kjem ein el bilder, først litt frå Riva Del Garda, så Val Di Funes og til slutt Lago Di Braies.
I slutten av november hadde me ein del lav tåke. Tåke er noko av det kjekkaste eg tar bilder i, alt forandrar seg og det er veldig fasinerande og sjå korleis den kjem og går. Ein søndag i November var eg og Lars Håvard på tur og tok solnedgangen, det har eg tidlagare laga eit innlegg om. Sidan det var så fint den søndagen, klarte eg ikkje holda meg og tok ein ny tur mandagen også. Det var litt meir utfordrande, sidan tåka kom og gjekk og til tider dekka alt totalt. Eg brukte Nikon D850 – Nikon 24-70mm og stativ for dei som lurer. Eg satte opp den vesle Fuji X-T20 for ein liten timelaps også.
I slutten av sist veke og i starten av denne veka har me hatt mykje lav tåke. Tåke er noko av det kjekkaste eg tar bilder i, alt alt forandrar seg og det er veldig fasinerande og sjå korleis den kjem og går. Sist søndag tok meg og Lars Håvard oss ein tur ut for å få med oss solnedgangen, først var det ikkje noko tåke, så kom det litt vind og så svush var vi totalt dekka. Den kom og gjekk heile kvelden, så det var ein flott kveld. Eg brukte Nikon D850 – Nikon 24-70mm og stativ for dei som lurer.
No var me komme til den tredje dagen av ferien, denne dagen skulle me feire mor mi sin 60 års dag.
Før dagen starta såg eg mitt snitt til å stå opp veldig tidleg, for å prøve soloppgang med plassen eg fant dagen før. Det tok ca 15 min og kjøre opp der eg hadde sett for meg at eg ville forsøke. Eg hadde i utgangspunktet tenkt og stå ved vegen og ta bilder utover landskapet, men eg blei freista til å gå mellom vin rankene og sjå om eg fant ein betre plass. Eg gjekk innover dei og forsøkte litt ulike plassar, hovudproblemet var at dei var ganske så høge, så eg kom meg aldri over dei. Så eg forsette vidare innover, men det var rankar over alt. På veg tilbake mot vegen etter at sola hadde komme seg litt opp, fant eg heldigvis eit par røyr eg kunne stå på så eg kom meg litt opp over rankane. Det blei no nokon bilder, men trur kanskje eg skulle ha halde meg nærare vegen, men til tross for det blei eg no halvegs fornøyd. Eg blei nok mest fornøyd med det eg kom meg litt opp i høgda på.
Etter eg hadde komme meg heim, og me hadde fått i oss frukosten, så skulle vi på vinsmaking hos ein lokal produsent. Det var bare 15 min å gå frå hotellet, så alle spaserte ned. Merket heitte Marenco. Når me kom fekk me smaka på litt ulike vin sortar, og fekk ei omvising der dei laga den. Det var og eit gammalt museum der dei stilte ut gamle ting frå vinproduksjon. Når denne delen var gjort gjekk vi ut, for me skulle få sjå kvar druene blei dyrka. Omvisaren kjørte eine bilen og me fekk låna landroveren, me måtte flira litt når han kjørte på grusvegane, i kvar sving tuta han som bare det får å markere at her kom han. Eg måtte le litt når me kom fram, for det var same plassen eg hadde vert og tatt soloppgangen eit par timar før. Det var ganske interessant og høyra om korleis dei dyrka, og heile prosessen. For eksempel sel dei litt av avlinga til andre produsentar, for å få inn pengar der og då, i staden for å venta til årets årgang er utselt.
Til slutt på programmet skulle vi få bli med heim til omvisaren og kona, der me skulle få smaka meir vin og få ein lett italiensk lunsj. Når me kom fram såg me at det var ein flott herregard plassert med god utsikt nedover dalen. Vertane våre var meir en gjestmilde me starta me meir vin og så skulle vi få mat. Eg veit ikkje korleis italienarane tenkjer når det kommer til ein lett lunsj, men me fekk sjokk. Først starta det med noko ost og kjeks, så var det steinomns bakt pizza i store mengder, så kom det ein pasta rett, etter dette ein del frukt, så til slutt lurte dei på om me ville ha enda meir. Klokka var blitt så mykje at me takka nei til det, og starta og tenkje på returen, me skulle tross alt ha plass til bursdagsmiddagen på hotellet etterpå og. Sidan herregarden hans låg så fint til, måtte eg spør om eg kunne få ta soloppgang frå hagen hans dagen etterpå, det var ingen problem, så eg kjem tilbake til det i neste innlegg.
Resten av ettermiddagen gjekk med til bading i bassenget, og ein god bursdagsmiddag på hotellet.
Eg legg med litt bilder frå soloppgangen, og eit par bilder frå vinsmakinga.
Etter eg hadde tatt soloppgangen utanfor hotellet, blei det frukost. Italiensk frukost er ikkje heilt slik som me er vant med her i Norge, dei har faktisk kaker og kjeks på bordet. På dette hotellet var det litt av alt, men mest typisk italiensk. Det var litt syltetøy, egg og kjøttpålegg også, så me klarte oss. Denne dagen skulle størsteparten av familien ta seg ein tur til byen Acqui Terme, eller ligge med bassenget. Eg hadde lest at me var rett på grensa til eit Unesco Verna landskaps område kalla Vineyard Landscape of Piedmont: Langhe-Roero and Monferrato. Sidan eg likar og ta bilder og sjå nye plasser var eg meir lysten på ein kjøretur til dette området. Søster mi såg at området også omfatta Barolo, der den berømte vinen blir laga, så då var ho og solgt, og onkelen min heiv seg og med. Eg innsåg tidlig at me ikkje hadde tid til å sjå alt, så eg fekk eit par namn på små byar som me burde køyre innom, av dei som jobba på hotelet.
Det første målet vårt, sidan me var turister var slottet Castello di Grinzane Cavour. Me skjønte tidlig når me starta og kjøra at det var ein grunn til dette område var eit verna landskaps område, det var vin rankar og små åsar over alt.
Me kom fram til slotte og tok ein tur gjennom det bare for å gjere det. Etterpå var det blitt tid for lunsj så alle utanom søster mi åt pasta, ho var litt dristigare en oss andra og tok noko ho ikkje visste kva var. Det viste seg og være ein rett med ansjos.
Etter lunsjen hadde me byen La Morra på lista, den var ikkje på besøks lista, men på foto lista mi. Den låg ca 15 min frå slottet, og me gjekk aldri inn i den. Me kjørte litt rundt for å finne den beste foto vinkelen, den var ned ein grusveg etter ein hadde kjørt gjennom byen. (Bildene kjem i galleriet under) Me fant ut på google maps at me kunne følgje grusvegen til endes og komme ut på hovudvegen igjen. På vei nedover stoppa me med eit skikkelig funky rosa bygg, som visste seg og væra ei kyrkje. Der var det ein enda betre vinkel for å ta bilde av byen La Morra også.
Alle dei små byane låg omtrent som perler på ei snor, så neste stopp var Barolo, der Barolo vinen kjem frå. Me kjørte forbi sikkert 20 – 30 Vineyard sale og farm skilt. Me stoppa over byen Barolo og tok eit bilde ned over den, det var verkeleg ikkje store byen. Me hadde tenkt og stoppa, men det var lite parkeringsplasser, så me måtte kjøre gjennom og snu ein gang før me kjørte inn på parkerings plassen til eit stor vinutsalg av Barolo. Der fekk søster mi handla seg litt vin.
Vidare forsette me til det siste stoppet for dagen, ein ny liten by som heite Monforte d’Alba. Eg såg det var ein gammal by del og noko som såg ut som ei kyrkje på toppen av byen, og tenkte eg måtte nesten ta meg ein tur opp der. Dei andre var starta å bli trøtte og blei igjen nede. Så eg gjekk oppover gamle gater, og blei litt skuffa når eg kom på toppen for utsikten var så som så, men gatene hadde sin sjarm. Etter dette kjørte me heim igjen samme vegen.
Me åt middag på hotellet, og når eg satt og googla litt etter fotoplasser på kvelden fant eg ut at det var eit utsikts punkt 15 min med bil frå hotellet, som kanskje kunne ha potensiale for ein soloppgang. Det var nesten blitt mørkt når eg fant ut dette, så eg heiv meg i bilen og tok ein liten tur for å sjå om plassen kunne fungere. Det siste bilde med solnedgang og ei lysande kyrkje er plassen. Eg bestemte meg for å teste plassen for soloppgang dagen etter, det kjem i del 3.
Her er bildene frå kjøreturen, det er mest foto dokumentasjon i hardt lys, men kjekt og ha vert innom dei ulike plassane. La Morra hadde vert nydelig rundt solnedgang.