Categories
Foto Tur

Melkevegen paa ny lokasjon

Etter ein fjelltur sommaren i 2019 passerte eg ein liten kulp eg tenkte kunne ha potensialet for melkevegen fotografi. Eg var oppe ein tur til seinare og sjekka litt meir om det kunne fungere slik eg håpa. Det er ein del som skal klaffe med tanke på månefase, og klart vær. Det siste er ikkje alltid så lett på vestlandet. Den 27 august klaffa det og meg og Tor tok ein tur. Eg hadde bomma litt på retninga, så me måtte vente litt til den kom i ein bedre posisjon. Bilda er teke med Nikon D850 – Sigma 14mm 1,8mm (lånte den for å teste denne kvelden) og stativ.

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.