Categories
Foto

Bilder av Cheerleadere

I fjor tok eg bilder av 4 cheerledere som hadde ein trenings camp for ungar i Uskedalen. I år var dei tilbake igjen og me hadde avtalt at me skulle prøve å få tatt litt nye bilder, ein anna plass en der vi var i fjor.
Eg hadde ein ide som innebar at me skulle inkludere litt brevatn, så me starta først med Fjellhaugvatnet og håpa på ein flott solnedgang. Dessverre var det litt for mykje tåke denne dagen, så me innsåg at det aldri kom til å bli ein magisk solnedgang, så vi kjørte nedover i låglandet igjen.
På veg mot Uskedalen såg me ein flott himmel, og bestemte oss for å stoppa og ta litt bilder nede ved sjøen. Igjen som i fjor var det fantastisk å sjå kor høgt dei kasta Nicole opp i lufta, balansen og styrken var og imponerande.

For dei som lurer på kva fotoutstyr eg brukte så var det Nikon D850 håndholdt med Nikon 24-70mm F2.8 objektiv på. Blitz var brukte me ein variasjon av Nikon Sb 900 med paraply og ein Einstein blitz med paraply.

Takk Nicole , Alexander, Stian, og Christer for at dåkke blei med! Eg Må og takka Thomas som hjelpte til med å holde blitzen!

Her er eit utval av bildene:

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.